Studentenes Landsforbund er Norges største studentorganisasjon og representerer 100 000 studenter ved 31 statlige og private utdannings-institusjoner. StL er partipolitisk uavhengig og ivaretar og fremmer studentenes økonomiske, faglige, kulturelle, sosiale og demokratiske interesser.
Studentenes Landsforbund sett fokus på forsking i høgskulesektoren og markerer dette med aksjonen Fortsatt Forskning 15. november. Vi aksjonerar for god studentaktiv forsking og mot forslaget til statsbudsjettet 2007.
Fortsatt Forskning vil vere ein landsomfattande aksjon gjennomført av Studentenes Landsforbund og dei lokale medlemsinstitusjonane.
Hovudkontoret til Studentenes Landsforbund vil aksjonere for Fortsatt Forskning ved Høgskulen i Volda 15. november 2006 kl 11:30 – 16:00.
Leiar av Forskerforbundet, Kolbjørn Hagen, direktør av Norges forskningsråd, Arvid Halén og leiar av Universitets- og høgskolerådet, Gunnar Stave, vil vere tilstades i Volda under aksjonen.
AKSJON: Aksjon for Fortsatt Forskning 15. november
Kvifor Fortsatt Forskning? Fordi regjeringa foreslår å kutte 273,4 millioner kroner i basisløyva til universiteta og høgskulene. Fordi regjeringa ikkje ynskjer å bevilge midlar til ein einaste ny stipendiatstilling.
Fordi StL vil sette fokus på studentaktiv høgskuleforsking.
Fordi studentane har krav på undervisning som tek utgangspunkt i den beste forskinga.
Fordi studentane må kjenne til forskning på sitt fagfelt.
Fordi Operasjon Forskning var ein suksess.
Fordi Landsmøtet 06 vedtok at StL skal gjennomføre ein kampanje/statsbudsjettaksjon hausten 2006 eller våren 2007.
Fagleg kvalitet
Alle er einige om at verdiskapinga må skje spreidd over heile landet. Ved mange av våre høgskuler skjer det i dag viktig verdiskaping. Mange fagmiljø er diverre også langt unna å tilfredsstille krav til fagleg kompetanse som vert stilt av Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga (NOKUT).
Dette er blant anna eit resultat av den kontinuerlige skeivfordelinga av midlar til forsking som blir praktisert i universitet- og høgskulesektoren. Studentenes Landsforbund meiner dette gir uheldige konsekvensar både for kvaliteten på profesjonsutdanningane, busetnad og verdiskapinga i distrikta.
Høgskulane har gjennom lova om universitet og høgskuler fått et stort ansvar når det gjeld utvikling i regionane og profesjonsforsking. Studentenes Landsforbund ønskjer å være med å gjere det mogleg for høgskulene å møte desse forventingane.
Studentaktiv forsking ved Høgskulen i Volda
Høgskulen i Volda er ein av mange høgskular som gjer ein imponerande jobb med å drive studentaktiv forsking. Gjennom fleire FoU-prosjekt blir studentane på alle nivå involvert og gjort til ein del av FoU-prosjekta. Studentenes Landsforbund ønskjer å vise frem dei gode døma i Volda, samt diskutere vidare korleis forskinga kan organiserast i Noreg.